Gode nyheiter

Stor takk til misjonsfolket!                                                                                                         

Bergen 02.10.23

I samband med siste møtet i Landsstyret, laga me eit oversyn over inntekter og kostnader i alle avdelingane.  Mange kjenner til at eit par av avdelingane våre har hatt store kostnader dette året.  Likevel var det særleg EIT av dei mange beløpa som gledde meg mykje å lesa.  Den gleda vil eg gjerne dela med misjonsfolket.

Dei samla INNTEKTENE i misjonen vår har auka med kr 964.000,- for dei fyrste åtte månadene, samanlikna med tilsvarande periode i 2023.  Inntekter er alt som kjem inn i rekneskapen vår.  Gåver, kollektar, basarar, minnegåver, varesal ved fiskarheimane og på “Elieser 6”, leigeinntekter frå eigedomane våre og anna.  I denne auken ligg det i overkant ei ekstra leigeinntekt for eigedomen i Oslo på godt i overkant av kr 100.000,-.  Resten må tilskrivast den vanlege drifta av misjonen vår.

Me på Hovudkontoret vil difor retta ein STOR takk misjonsfolket som på mange måtar har bidrege til denne gode auken i inntekter!

Beste helsing Børge Løype, rekneskapsførar DISM

Børge Løype

Forrige
Forrige

Elieser 1903 til 1923 - 120 år i evangeliets tjeneste

Neste
Neste

Søndagsmøte i Havlysenteret