Søndagsmøte i Havlysenteret
20. august var vi samla til det første søndagsmøte i Havly hausten 2023. Vi held til i Trondheim, og har til saman planlagt fire søndagsmøte dette semesteret.
Tekst og foto: Margot Igesund Røvik
Kristian Røvik leia møtet, og vi tok til med å syngja “Gi oss no ei nådestund vår Jesus.” Der etter opna han møtet med å lesa Es 55,1 - om å få vatn utan pengar - utan betaling. Alt av nåde.
Koret Nardosletta korsangforening gledde oss med song i to avdelingar. Fantastisk å sjå og høyra på dei!
Talen var ved Thomas Hogganvik ut frå Luk 15,1ff. Gud vil at alle skal koma til han. Løna var den same for begge sønene. Berre nåde!
Etter misjonsgåve, bøn og frie vitnemål, avslutta vi med songen “Syng evangeliet om Jesus”, Fadervår og velsigninga.
Serveringa var det Ragnhild Sivertsen og Marit Aune som hadde ansvaret for. Dei hadde baka kaker og ferske rundstykke. Ragnhild og Marit Anne har teke på seg ansvaret for serveringa på alle søndagsmøte. Stor takk til dei!
Neste søndagsmøte i Havlysenteret: 24. september kl. 18.00. Tale ved Jan Øyvind Grøm. Velkommen også til formiddagstreff 5. september kl. 11.30. Anna Tørset og Ole Lande deltek med sang og tale.