Formiddagstreff i Havly Trondheim

Tirsdag 5. mars var vi samla til formiddagstreff i Havly i Trondheim.

Tekst: Margot Igesund Røvik Foto: Bjørg Olsen

Kolbjørn Thomasen deltok med trekkspel og song. Kristian Røvik hadde kåseri om Israel og Margot Igesund Røvik leia og hadde opningsandakt.

DELTOK: Margot Igesund Røvik, Kolbjørn Thomasen og Kristian Røvik.

Margot las frå Joh 14,1-3.
Ordet frelse kan omsetjast med å skaffe rom. Har du rom hos Jesus? Bur og lever du hos han?
«Gå til Jesus kvar og ein, ved hans kors er ROM.» (sitat frå song nr 166 i Sangboken)
Orda i Joh 14,1-3 sa Jesus før han gjekk til Golgata.
Kva var det som vart brukt då Jesus bygde ROM der? Var det naglar og hammar?
 
«Eg stend og ser på ei nagla hand,
Ho spikra til krossen vart,
Og lell ho løyste mitt træleband
I dødsstunda skum og svart.»  
(Sangboken nr 250)

I joh 14,3 står det: «Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.»

Trygve Bjerkrheim seier det slik i 4. verset i songen på nr 250 i Sangboken:
“Og når eg eingong i livets land
Får skoda deg som du er,
Då, ser eg, Jesus, di frelsarhand;
Ho merke av naglar ber.”

Kolbjørn spela trekkspel. Han song også fleire songar han sjølv har skrive. Vi er svært takksame for det han forkynner gjennom songen.

Kristian og eg er svært opptekne av Israel, deira historie og den kampen dei kjempar. Kristian las frå 1 Mos 12,1-3:
«Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg!  Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.
Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
men den som forbannar deg, skal eg forbanna.
I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»

Nora Hanssen og Ragnhild Sivertsen koka kaffe, smurte rundstykke og hadde ansvar for servering og oppvask. Hjarteleg takk for det!

Kristian leia oss i Fadervår og velsigninga til slutt.
Vi var 15 personar samla denne fine vårdagen.

Forrige
Forrige

Telefon frå Havly Røst

Neste
Neste

Fra Vik til Henningsvær med "Elieser 6”