Telefon frå Havly Røst

Det er alltid kjekt å få telefon frå fiskarheimen på Røst. Så og i dag. Solfrid Nikolaisen er veteran som frivillig medhjelpar på fiskarheimen, og det var ho som ringte og formidla frå årets fiskerisesong.

Tekst: Ingrid Helland Foto: Ann Merit Fidjeland

RINO OG SOLFRID

Harjeet K. Jassal (Rino) er dagleg leiar på fiskarheimen. Kvart år har ho fleire frivillige med i dei travlaste sesongane, og Solfrid er altså ei av dei.
- Vi har det veldig kjekt og fint i lag, fortel Solfrid, og skryt av staben som er med.

- Heile februar var Synnøve og Magne Daltveit frå Osteøy med som hjelparar. Dei gjorde ein flott jobb. Då dei reiste kom det to nye gode ektepar: Synnøve og Rolf Kasper Iversen og Ann Merit og Arnt Helge Fidjeland frå Karmøy.

RINO OG ROLF KASPER FØREBUR INDISK BUFFÉT.

Kvar vinter vert det laga til indisk buffet. Rino er indisk av opphav, og er ekspert på området. I følge Solfrid Nikolaisen var det 100 besøkande på årets “indiske”. Dette har blitt eit populært innslag som fiskarar, fiskebruka og folk elles spør etter.

ARBEIDARAR FRÅ EIT AV FISKEBRUKA PÅ INDISK BUFFÉT.

- Vi har mykje besøk i kafeen. Det er både kjekt og triveleg. Eg høyrer på stemmen til Solfrid at dette meiner ho. Ho har stor omsorg for fiskarane - både timeleg og åndeleg.

EIN LITEN FLOKK SAMLA PÅ EIN AV HYGGEKVELDANE.

- Eg skulle ønska at mange fleire kom på møta og hyggekveldane som vi arrangerer kvar helg. Når det er sagt, har vi det veldig fint saman vi som er der. Vi syng saman, har andakt, og på hyggekveldane har vi i tillegg opplesing, utlodding, quiz og servering. Verkeleg fine stunder.

TORE BERNTSEN, FRAMME MED MIKROFON, VISER FILM FRÅ “RØSTER”.

I samband med Bodø som kulturby 2024, har Tore Berntsen hatt fleire filmframvisingar på Havly. Desse samlingane har vore godt besøkt. Bl.a. filmen om Rino “Fra india til fiskarheimen” vart vist ein av kveldane.

Strikkekafeen om onsdagane er også godt besøkt. Då går praten og strikkepinnane om kapp.

Livet på fiskarheimen Havly Røst går sin gang også dette året. Vi er takknemlege for alle som kjem innom og for alle som er med og støtter og hjelper. Tusen takk!
Vi ønsker Guds signing, og Solfrid; takk for praten på telefonen!

EIN ROLEG DAG PÅ RØST.

Forrige
Forrige

Vi går mot påske

Neste
Neste

Formiddagstreff i Havly Trondheim