Astrid trappar ned

Det er 45 år sidan Astrid Indrebø Greve vart tilsett på hovudkontoret til Den indre Sjømannsmisjon. No trappar ho sakte ned - for så å bli pensjonist på heiltid.

Av: Ingrid Helland

Første arbeidsdag
1. mars 1979 hadde Astrid sin første arbeidsdag - i den gamle fiskarheimen i Domkirkegaten 4 i Bergen.
Lite visste vel Astrid at heile hennar yrkesaktive liv skulle bli i Den indre Sjømannsmisjon.

- Eg begynte som kontormedarbeidar og skreiv brev for kontorsjefen etter diktafon. I tillegg skreiv eg sakspapira til landsstyret. Etterpå måtte referatet reinskrivast med fyllepenn og så gjekk eg til tinghuset med det. Det var viktig å skriva sirleg og fint, og det gjorde eg.

Etter kvart fekk Astrid også ansvaret for sentralbordet, i tillegg til mykje førefallande arbeid. Arbeidsdagane var travle.

Gode sjefar
Medarbeidarar har kome til, og slutta. Kor mange, er vanskeleg å halda styr på, men Astrid trur ho har oversikt over generalsekretærane i hennar tid: Kaare Nødtvedt, Odd Sverre Hove, Aksel Remme, Ove Aksnes, Kjell Sønstabø, Roald Øvrebø, Ingolf Solsvik, André Sætre, Ole Andreas Wastvedt (konst.) og Arne Helleland.
- Eg har hatt gode sjefar, seier Astrid.

Limet
I fleire år no har Astrid hatt tittelen administrasjonsleiar. Ho har halde orden på det meste. Ekstra godt har det vore med hennar erfaring og innsikt – spesielt dette siste året utan generalsekretær.
Vi har ofte sagt om Astrid at ho er limet i misjonen.

| Vi har ofte sagt om Astrid
at ho er limet i misjonen. “

Frå starten 1. mars 1979 til 1. mars 2024 har det gått 45 år. Det har vore ei rivande utvikling når det gjeld administrasjon og måtar å jobba på. Frå diktafon og stensilering til data og lagring i «skyen», for å nemna litt. Astrid har takla det.

Astrid trappar sakte ned - for så å bli pensjonist på heiltid.

- Eg har likt meg i jobben, i fellesskapet, og har hatt gode kollegaer. Misjonsfolket har eg sett stor pris på med mange hyggeleg treff og telefonsamtalar.

1. mars sluttar administrasjonsleiaren, men ikkje heilt. Ho skal ha ei lita stilling med ansvar for enkelte avgrensa oppgåver.
- Til nokre andre blir tilsett, som ho seier.

Les heile intervjuet med Astrid i Trygg Havn nr 2/2024 (mars).

Forrige
Forrige

Fra Vik til Henningsvær med "Elieser 6”

Neste
Neste

Elieser til Henningsvær