Han er oppstanden!
Vi les i Joh 20,1: «Men på den første dagen i veka kom Maria Magdalena tidleg til grava, medan det endå var mørkt. Ho såg då at steinen var teken bort frå grava.»
Av: André Sætre, misjonssekretær i Møre og Romsdal krets
MARIA VART SÅ overraska at ho sprang av stad til Peter og Johannes, og sa ifrå at steinen var rulla vekk. No var grava open, og ho seier at nokon har teke Jesus bort frå grava.
Dei to læresveinane vart så forvitne at dei sprang av garde for å sjå. Johannes var lettast på foten, og kom først fram og kika inn i grava. Den var tom, berre linkleda som Jesus hadde hatt på seg låg att.
Peter var litt meir framfus, og gjekk rett inn i grava. No gjekk også Johannes inn, og dei såg kleda og sveitteduken til Jesus, det var alt som var att. Dei såg og trudde, står det. For endå hadde dei ikkje skjøna skrifta, at han skulle stå opp frå dei døde. Men det var nettopp det som hadde skjedd, Jesus var stått opp frå dei døde.
LÆRESVEINANE GJEKK HEIM, men Maria Magdalena vart att. Ho fekk oppleve å sjå to englar i skinande kvite klede, og som stilte henne spørsmålet:
- Kvifor græt du kvinne?
- Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han, svara Maria.
Då ho snur seg får ho sjå Jesus, og etter kvart som Jesus snakkar til henne forstår ho at det verkeleg er han.
- Rabbuni! seier ho. Det tyder: Meister.
No gjekk det verkeleg opp for Maria at Jesus levde og var stått opp igjen. Så får ho beskjed om å gå til brørne hans med bod om at han var stått opp frå dei døde.
Det var kvinna Maria Magdalena som fekk sjå Jesus først, og fekk vitne om denne viktige hendinga.
I 1 Kor 15,17 STÅR det slik: «Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar..»
JA SÅ MYKJE betyr Jesu oppstode frå dei døde. Han sona vår synd på korstreet på Golgata, døde og stod opp att. Hadde han ikkje stått opp, så hadde vi framleis vore i våre synder. Men takk og pris, Jesus er oppstanden, og har sigra over død og grav. Denne sigeren er min og din. For liksom alle døyr i Adam, skal alle gjerast levande i Kristus.
SIDAN SYNTE JESUS seg for læresveinane, og etterpå for mange fleire, og meir enn 500 brør på ein gong.
JESUS KRISTUS HADDE fått herlegheitslekamen, så no kunne han gå igjennom attstengde dører og openberra seg midt i mellom læresveinane. Thomas som tvilte fekk stikke fingeren sin i dei naglemerka hendene til Jesus, og han trudde. Jesus stod opp att til vår rettferdiggjering. Han er den viktigaste personen som nokon gong har levd på jorda, sann Gud og sant menneske. Det fullkomne offeret for våre synder.
«Han er oppstanden, Halleluja!
Lov ham og pris ham! Halleluja!
Jesus, vår frelser, lenkene brøt.
Han har beseiret mørke og død.
Gå og fortell at tom er hans grav.
Livet han vant, og livet han gav,
Gav det for oss og kjøpte oss fri.
Frelse og fred han alle vil gi.»
Bernhard Kyamanywa 1966/ Til norsk ved Anne M Brodahl 1979
Neste og siste andakt i denne serien kjem 2. påskedag:
”Han talte til oss på veien” - av Axel Remme.