FORMIDDAGSTREFF I HAVLY, TRONDHEIM
Vi hadde vitjing av våre vener frå Armeen, Minny og Robert Johansen. Til saman er dei 180 år.
Tekst og foto: Margot I. Røvik
(Reportasjen held fram under bildet.)
MARGOT LEIA OG ønskte velkomen med ord for dagen frå Matt 24,35-44, og bøn.
Robert tok over med song og tale. Teksten var frå Joh 1,42-43. Det første kallet og opplevinga med Jesus.
SERVERINGA VAR NYSTEIKT te-kake, laga av Margot, og Nora Hanssen trekte kaffien.
MINNY SITERTE SONGEN «Ein båt i stormen duva», og fortalde om at ho som lita stod på ein stol ved vindauga og såg på båtane som drog nordover til Lofoten på fiske. Ho vaks opp på øya Tomma utanfor Nesna. Medan Minni stod der ved vindauga, bad ho for fiskarane at dei måtte koma levande heim att. Ho hadde opplevd at naboar var omkomne på sjøen.
ROBERT FEKK KRISTIAN til å synga saman med seg, og til å be bøna:
«Gud, du som er midt i blant oss – hjelp oss å møte hverandre. Vi har kommet fra hvert vårt sted for å møte deg, og for å være sammen med hverandre. Gud, her er vi. Gud, du som ser! Fra våre forskjellige hverdager søker vi deg. Gud. Du som hegner om oss som høne-moren gjør om kyllingene! I alt vårt virke: livet, arbeidet, menigheten, familie og venner, Gud, vær oss nær. Amen»
VI VAR 14 personar samla denne dagen.
Margot avslutta med bøn for Israel, og Robert med Fadervår og velsigninga.