Seaman`s Mission - Ålesund

VI HAR HATT EIN FLOTT SESONG MED VELFERDSARBEID FOR CRUISEMANNSKAP I TORGHALLEN I ÅLESUND.

Tekst og foto: André Sætre, Misjonssekretær

Torghallen ligg like ved cruise-hamna, der vi inviterer inn cruiseskip-mannskapa til gratis internett, så dei kan sjå og snakke med familiane sine i ro og mak så lenge dei vil. Samtidig kjem dei seg ut av arbeidsplassen til i ei avslappande atmosfære. Dei gjev uttrykk for at dei alltid kjenner seg velkomne.
Dei får også kaffi eller te, og litt å bite i.

Åndelege ting og forbøn
Sjølv om mannskapa representerer ulike religionar, og DISM er ein kristen organisasjon, synest dei det er heilt i orden. Vi tilbyr også kristen litteratur til dei som ønskjer det, og enkelte tar kontakt for å snakke om åndelege ting eller for å be om forbøn for familiane sine, eller for seg sjølve.

Koordinator
No er cruiseskip-sesongen på hell her i Ålesund.
14. november var nest siste dag for i år. Det var Liv Erstad som styrte arbeidet i lokalet og laga det triveleg for sjøfolka. Ho har også vore Koordinator stor del av sesongen, så ho har gjort ein kjempeinnsats - i lag med dei andre frivillige ved Ålesund Seaman`s Mission.
På bildet (under) er Liv saman med to kjekke sjøfolk frå Filippinane. Dei fekk god service og strikka luer, og sette stor pris på det.

(Artikkelen held fram under bildet)

Yes
Eg spurde ein av dei om han trudde på Jesus. Han lyste opp og svarte: - Yes, med eit smil. Han sa også til Liv Erstad at Norge er eit velsigna land, og at vi er rause givarar. Liv svarte at det vi har fått skal vi dele.

Fleire tusen
Vi er takknemlege til Jesus for at vi også dette året har fått kome i kontakt med fleire tusen utanlandske sjøfolk, og vi veit at Guds Ord ikkje skal vende tomt tilbake.

Neste sesong
Takk til alle som hjelper oss på frivillig basis, og gir tid og krefter til Guds rikes sak! Vi treng også fleire til neste sesong, så meld gjerne til André Sætre (andre.saetre@dism.no).
Det er over ni år sidan vi starta opp arbeidet vårt i Ålesund Hamn.

Vil du støtte arbeidet vårt, så bruk
VIPPS 727290


Forrige
Forrige

Gledelig Jul

Neste
Neste

FORMIDDAGSTREFF I HAVLY, TRONDHEIM