Endå ei gledeleg nyheit

Tekst og foto: André Sætre, Misjonssekretær Møre og Romsdal krets

Norway Seaman`s Mission

Cruiserederiet Caribian Cruises er så fornøgde med velferdsarbeidet vi yt til mannskapet deira når dei går i land i dei norske havnene, at dei vil dekke husleiga i lokala vi brukar langs kysten - for både året 2024 og 2025. Kanskje kan det bli eit endå lengre samarbeid, vi får sjå.

Mannskap på besøk i Ålesund

Men endå ei nyheit er at ein høgtståande leiar i dette rederiet med tittelen PRESIDENT vil besøkje eit av lokala våre i Norge, og har blinka seg ut lokalet vårt i Ålesund. Då kjem han i land saman med offiserane på skipet, torsdag 22. mai 2025. Dei blir truleg ei gruppe på 25-40 personar som besøkjer oss i Ålesund.

Vi takkar og bukkar, og gled oss til celebert besøk.
Vi ynskjer også å invitere inn ordførar og havnekaptein.

Ja, vi ser at Herren gjer under dag for dag i denne misjonen.
Det byrja med eit rop frå ein kappelan: GUD VIL DET!
Og faktisk så trur vi at det ropet gjeld 145 år seinare også.

Ja, vi ser at Herren gjer
under dag for dag
i denne misjonen.”

I TRU TIL GUD KASTAR VI UT GARNA. SÅ ER DET HAN SOM HAR SAGT AT VI SKAL FÅ FISK.
Joh. 7,38: “Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»

Forrige
Forrige

Ein imponerande jobb

Neste
Neste

Derfor har vi møter og arrangement