Ein imponerande jobb

Lørdag 23. november, presis kl 11.00, opna Solfrid Nikolaisen julemessa for Bjørgvin krets i Skuteviksbodene 10 i Bergen.
- No kan de handla og kjøpa lodd nett som de vil, sa Solfrid, og så var det i gang.

Tekst og foto: Ingrid Helland

4. ETASJE. Mange fann vegen opp trappene til 4. etasje. Etter kvart vart lokalet fullt. Kafé med kaker og påsmurte skiver, salsbord, ulike loddbøker og åresal, fekk pengane til å “fly”.

JULEBORD. Det var knytt stor spenning til kven som kom til å stikka av med denne premien … 

SENTRAL DEL. Forkynninga av Guds ord er ein sentral del av julemessene til Den indre Sjømannsmisjon.
“Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom”, song Kjell Helland på føremiddagsmøtet.
Misjonssekretær Andreas Bjerre Nielsen talte så ut frå Luk 2:12. Jesus kom som eit vanleg fattig menneske for å bli ein av oss. Han fullførte lova i vår stad.

1 Kor 1:18 var utgangspunktet for Kjell Helland sin tale på ettermiddagsmøtet, om korset. Ordet om korset har ikkje mista si kraft. Det er tilgjengeleg for alle som har bruk for det.

HERREBORD. F. v. Harald Gåsland, Andreas Bjerre Nielsen, Emil Berre og Kjell Helland.

MANGE HJELPARAR. For å arrangera ei julemesse trengst det mykje folk. I god tid på førehand til å sy, strikka og baka salsvarer - for ikkje å snakka om å selja lodd. Heile kretsen har vore engasjert. Ein imponerande jobb er gjort!

“Heile kretsen har vore engasjert. Ein imponerande jobb er gjort!”

Foreiningane i Bergen; “Glimtet” og Fellesforeningen med forsterkarar, stod for opp- og nedrigging og gjennomføring, saman med misjonssekretæren i kretsen.

SALSBORD. Mykje fint!

PÅ NYÅRET. Det er for tidleg å koma med eit resultat over innkoma på julemessa. Det vil bli opplyst om i Trygg Havn på nyåret.





Forrige
Forrige

Takk til Gud

Neste
Neste

Endå ei gledeleg nyheit