Avgjort at “Elieser 6” skal seljast

35 stk. møtte til det ekstraordinære landsmøtet, 25.-26. april i Bergen. Av desse hadde 33 stemmerett. Betelskipet «Elieser 6» sin lagnad skulle avgjerast denne helga.

Tekst og foto: Ingrid Helland

Landsmøtet gjekk føre seg i Skuteviksbodene 10; opp smale trapper og heilt til topps i 4. etasje i Seaman´s Mission sitt lokale.  

Den indre Sjømannsmisjon har i fleire år slite med store underskot. «Elieser 6» er ei av årsakene til dette, og landsstyret har ikkje sett det forsvarleg å ha skipet i vanleg drift dei to siste åra. Likevel viste fjoråret ca 1 mill. i underskot på Elieser.
Vedtaket frå landsmøtet 2024 sto klart:
«Elieser drives videre, men med maksimalt 1 million kroner i underskudd per år. Hvis dette overskrides, skal det kalles inn til ekstraordinært landsmøte for å drøfte videre drift.» 
Derfor var det denne helga kalla inn til ekstraordinært landsmøte.

Elieser-komitéen, sett saman av driftsstyret for Elieser og av to landsstyremedlemmer, hadde arbeidd fram tre driftsmodellar til det ekstraordinære landsmøtet:
1: Samarbeid med danske «Bethel» eller bruk av annan mindre båt.
2: Framleis drift av «Elieser 6».
3: Avslutta båtmisjon i DISM og selja «Elieser 6».

Det var i tillegg levert inn to notat med tilråding om å halda fram drifta av “Elieser 6”.

Etter to dagar med gode samtalar om for og imot sal av Elieser, viste avstemmiga at 27 av 33 hadde den danske båten som første eller andre val. 22 som første val og 5 som andre val. To personar stemte for å behalda Elieser som første val og 3 som andre val. 6 personar hadde “avslutta båtdrift” som første val og 7 som andre val.
Den indre Sjømannsmisjon skal få låna “Bethel” kostnadsfritt frå Danmark.


“BETHEL”: Den indre Sjømannsmisjon får låna båten vederlagsfritt.



Neste
Neste

«Han talte til oss på veien»