Trygg Havn i farta
Trygg Havn nr 2/2025 er i farta - ut til alle våre abonnentar - med godt stoff frå arbeidet til Den indre Sjømannsmisjon.
Bladet "varer" til over påske, og vi har med påskebodskapen om Jesu liding, død og oppstode for oss, - gjennom andakt, personlege vitnemål, dikt og song.
Ei god oppskrift på "Fisk i form" høyrer sjølvsagt med midt under vinterfisket.
FISK I FORM. Foto: Ingrid Helland.
Tidlegare skipper på "Elieser 6", står for den nydelege baksida av bladet; Sula fyr.
SULA FYR. Foto: Svein Sæbjørnsen.
Framsida ser du HER - viser også til sida for å abonnera på Trygg Havn.