På leit etter vidare veg

- Det er pengar, og det er drift, så er det vår oppgåve å finna veg vidare, sa leiar av kontrollkomiteen, Ingolf Solsvik, då han fekk ordet tidleg i forhandlingsmøtet på det ekstraordinære landsmøtet til Den indre Sjømannsmisjon.

 44 påmelde, der av 39 med stemmerett, er samla på Bildøy bibelskole for å «finna veg vidare».. Bakteppet er det store underskotet i 2022 på 7,3 millionar kroner.

 Landsstyret har tatt midlertidige grep med å legga «Elieser 6» i opplag og permittert mannskapet. I tillegg er to stillingar på land permitterte i kvar sine halve stillingar.
Generalsekretær Arne Helleland og ein av dei andre tilsette har sagt opp sine stillingar.

- Då eg var fødd på 70-talet, hadde Den indre Sjømannsmisjon ca 13 millionar i inntekt. Det same har vi dag, sa landsstyreleiar Pål Vigmostad.
Han samanlikna ei normal årslønn i 1977 med dagens: - Du får ikkje eit årsverk for 70 000 i dag. Vi må over 400 000 kroner, og helst burde det vore meir. Høgare kostnadsnivå og reduksjon i gåveinntekter er mykje av årsaka til det store underskotet. Særleg fordi det ikkje er forbigåande, må det gjerast tiltak for å betra økonomien.

Fredag gjekk med til samtale. Det kan sjå ut som at ein del av «kampen» står mellom «Elieser 6» og det forholdsvis nystarta arbeidet «Seaman´s Mission».

Vi tar med litt frå samtalen:
- Vi skal ikkje setta Elieser opp mot Seaman´s eller kretsar opp mot hovudkontoret. Vi må sjå på ein heilheit.
- Elieser har vore viktig for misjonen. Men misjonsfolket og inntektene er redusert, så no er tida komen for å gjera eit vegval. For at misjonen skal vera levedyktig er det rett å selja Elieser. No er det andre mogelegheiter. Det er smerteleg, men alt har si tid. Vi må sikra Seaman´s, kretsane og fiskarheimane.
- Det var labert i misjonen då vi ikkje hadde Elieser. Vi mista gjevarar. Vi må ha eitt skift på Elieser, og arbeida for fleire Elieserlag.
- Når pengane ikkje kjem slik vi forvaltar våre prosjekt, så driv vi feil. Det krevst nedskjering, noko heilt nytenkande. Vi må spørje: Kor går du Herre Jesus?
- «Elieser 6» er i god stand slik den er no. Vi får ikkje billigare drift av ein båt.
- Det er framleis moglegheit å gjera litt med midlane vi har. Vi må tenka stort: Kor når vi lengst? Slik eg ser det: DISM er gitt ei stor misjonsmark: 70 nasjonalitetar i Seaman´s. Kan det vera eit kall å slutta noko, og kasta garnet på andre sida? Seamans Mission eit stort arbeid med få ressursar.
- Vi må ha ei ny retning i Indre Sjø. Vil de gi dei unge ein sjanse? Vi må sjå i augo at Elieser si tid er forbi. Det er ikkje berre Elieser som får til eit misjonsarbeid.
- I Karmsund krets har vi ei ny Elieser-foreining med 15 unge menn. Dei brenn for Elieser. Fleire av desse skal vera frivillige i 14 dagar på ein møteaksjon om bord på Elieser i august.
- Sel vi Elieser, kvittar vi oss med inntekter.
- Hittil i år har vi  underskot på  7-8 millionar. Vi må ikkje leva i ein fantasi om at plutseleg skal pengane koma. Av inntekt på 12 millionar brukar Elieser 7 mill. La dei unge få sjå arbeidet i Seaman´s. Det er eit fantastisk arbeid for unge. Det er ikkje båten vi skal berga. Vi skal berga sjeler.

Ingenting vart avgjort fredag. I dag, laurdag 1. juli, held samtalen fram, og så skal det stemmast.

Forrige
Forrige

Elieser og ny modell for DISM

Neste
Neste

Trygg Havn - Sommerbladet