Forsiktig optimist
13. februar og første raspeballmiddag for sesongen. 20 stk. er påmeldt via Facebook, men dagleg leiar på Havly Røst, Harjeet K. Jassal (Rino), ventar fleire.
Av: Ingrid Helland
Det er heilt i starten av fiskerisesongen, og Rino er forsiktig optimist.
- Båtane har begynt å koma, men ikkje det store talet enno.
Av erfaring frå dei siste åra, med lite fisk og mindre kvotar, trur dagleg leiar at det vil bli moderat med fiskarar på Røst denne sesongen.
- Men vi må ha håpet, seier ho på telefonen, til Trygg Havn.
I år er det bestemt å utsetta opningsfesten til 15. mars – i samband med at landsstyret har lagt styremøtet til Havly Røst 13.-16. mars.
FISKARHEIMEN HAVLY RØST. Foto: Atle Lyngstad Ness, 2022.
Atle Lyngstad Ness frå Dale i Sunnfjord er med som hjelpar i starten av sesongen. Det er han som tar telefonen då Trygg Havn ringer.
- Hei, er Rino der?
- Ja, eg hadde aldri klart meg utan, kjem det kjapt frå den erfarne medhjelparen, før han leverer telefonen vidare og går tilbake til raspeballane (vil eg tru). I fleire år på rad har han reist til Røst for å hjelpa til.
Rino er glad for slike som Atle – som gir av si fritid for å halda hjula i gang.
- Det er ikkje berre vinter og vår vi treng hjelp. Også heile sommaren frå juni og utover, presiserer Rino.
Ho har ein klar beskjed til dei som kan tenka seg å vera med på frivillig basis: Ta kontakt!
Kontakten kan rettast direkte til Rino (tlf. 488 54 620), eller til hovudkontoret i Bergen (tlf. 488 54 605). Det er hovudkontoret som til slutt syr saman lista av medhjelparar, men det er dagleg leiar på fiskarheimen som veit å svara på praktiske spørsmål.
| Rino har ein klar beskjed
til dei som kan tenka seg å
vera med på frivillig basis: Ta kontakt!»
DAGLEG LEIAR PÅ HAVLY RØST: Rino er forsiktig optimist til fiskerisesongen. Foto: Atle L. Ness.
Eg ønsker Rino lykke til med raspeballane og sesongen elles, før ho hastar inn igjen der ho kom frå; kjøkkenet.
Plakat på Havly Røst.