"Elieser 6" er godkjent

«Elieser 6» fekk endeleg godkjenning 19. januar.

Båten var i desember på 5-års klassing på Los Marine på Rubbestadneset. Då sjøfartsdirektoratet kom på befaring andre veka i januar, viste det seg at Elieser ikkje var klar for segling.
Dermed gjekk dei første møta i 2023 ut.

Kåre Undal frå Frekhaug i Alver kommune kjenner båten inn og ut etter mange år som frivillig «reparatør», og kontaktperson når noko er uklart eller noko skal ordnast om bord. Han var med då Sjøfartsdirektoratet var på kontroll..

- Vi fekk pålegg som har med sikkerheita å gjera. Det var ikkje store ting, men det måtte utbetrast før båten fekk lov til å segla. Mange nye tillegg har kome etter forrige 5-års klassing. Det meste går på reglar for loggføring og dokumentasjon. Sjøfartsmyndigheitene vil vårt beste, og lova er grei, så det er berre å retta seg etter den, sa Undal til Trygg Havn etterpå.

19. januar kom Sjøfartsdirektoratet tilbake for sluttkontroll. Då vart skipet godkjent for segling, og kunne gå inn i seglingsruta noko forseinka. 
Undal rosar Sjøfartsdirektoratet for positiv og god dialog og for godt samarbeid.

Følg seglingsplanen for «Elieser 6» nettsida eller på Facebook.

Bilde: "Elieser 6" forlet Rubbestadneset etter godkjent 5-års klassing. Foto: Kåre Undal.

Forrige
Forrige

Det skjer på Havly Røst

Neste
Neste

Forlenga opphald