Den indre Sjømannsmisjon tar grep
Den indre Sjømannsmisjon har i lengre tid hatt meir arbeid enn misjonen har hatt økonomi til, som igjen har ført til eit større underskot for 2022.
Organisasjonen har ikkje klart å auka inntektene tilstrekkeleg, og må ta konsekvensen av det. Vi har mykje godt arbeid innanfor ulike område. Stor utfordring er derfor knytt til kva arbeid som skal sluttast av og kva arbeid som skal drivast vidare.
Heile organisasjonen arbeider med løysingar, som skal enda opp på ekstraordinært landsmøte til sommaren. På det kortsiktige plan har landsstyret vedtatt å legga betelskipet «Elieser 6» i opplag inntil vidare. Alle dei tilsette om bord har fått permisjonsvarsel som trer i kraft frå 16. mai. Fleire midlertidige kutt skal vurderast på landsstyremøtet 15. mai.
Situasjonen skaper frustrasjon og uro i organisasjonen. Generalsekretær Arne Helleland oppmuntrar misjonsvennene til ikkje å mista motet.
- Den indre Sjømannsmisjon skal driva vidare med evangeliserings- og velferdsarbeid. Det ekstraordinære landsmøtet på Bildøy Bibelskole til sommaren (30. juni til 1. juli), skal staka ut kursen me skal gå.
Den indre Sjømannsmisjon
www.dism.no