Møre og Romsdal

Møre og Romsdal krets var tidlegare tre kretsar: Nordmøre og Romsdal krets, stifta 25.11.1899, så vart Romsdal krets utskilt frå denne 1.06.1925. Sunnmøre krets vart stifta 29.10.1906. Seinare vart Nordmøre og Romsdal samanslegne att, og i 2007 fekk kretsen namnet Møre og Romsdal krets.
Kretsen har 19 foreiningar og ein tilsett; misjonssekretær André Sætre.

Sørheim leirstad, Averøy, vart bygt i 1969. Misjonen driv barne- og ungdomsleirar på denne idylliske staden ved fjorden.

Sørheim blir også utleigd til møte og selskap.


Mykje folk på messa.
Arnstein Ytterland
Sunnmørsguttene
For tekst og for større bilder (over): Klikk på bildene.
Betyr mykje for økonomien i kretsen
Julemessa i Møre og Romsdal krets
Tekst og foto: André Sætre. Publisert 10.12.2018.

Det var ei fantastisk flott julemesse på Spjelkavik Bedehus laurdag 10. november.
Ulike varer
Det var fint haustver, ikkje glatt, og lett å kome seg fram.
Mange kjekke foreiningsdamer hadde kome med mengder av handlaga produkt for sal, både strikka, sydde og hekla. I tillegg kom det inn masse gevinstar frå misjonsfolket.
Matvarer til salgs var det også ein del av, som lefser, flatbrød, småkaker, klippfisk og anna vakumpakka fisk som låg på is.
Det var også eit stort matbord med varme rettar, som lapskaus, rjomegraut og risgraut.
Til dessert var det riskrem og raud saus. Bløtkaker, og andre runde kaker var det mange av, og det vart selt mykje kaffi og kaker også. Trommelen for tombola gjekk jamt og trutt, og folk kjøpte årar og andre lodd. Det kom også mange born, og dei syns det var kjekt å rulle opp tombolalappar, og sjokoladekake var også populært.

Barnekår i Kristus
Dei mange frammøtte sat og lytta til andakt av Arnstein Ytterland, som tok utgangspunkt i
Ef 1, om vårt barnekår i Kristus og den åndelege velsigning vi eig i himmelen i Kristus. Han oppfordra folk til å sleppe Jesus til i sine liv, ta Guds Ord på alvor. Jesus er einaste døra inn til Guds rike.
Sunnmørsguttene song mange fine evangeliske songar i tre omgangar, og det er ei oppleving å høyre den friske songen. Takk til dei staute karane som gledde oss med den fine songen!

Betyr mykje
Julemessa betyr mykje for økonomien i kretsen, og vi er glade for det fine resultatet på over kr 120 000.
Vi sender ei stor takk til alle våre foreiningar og kontakpersonar som støttar godt opp om julemessa, og dei som hjelpte til på dagen. Vi bed om at Herrens velsigning framleis må vere over misjonsarbeidet vårt.
_________________________________________________________________________

Nytt lokale for Seaman´s Mission
i Ålesund.

Tekst og foto: André Sætre. Publisert 18. juni 2018.
Den indre Sjømannsmisjon i Ålesund har fått nytt lokale for velferdsarbeid og evangelisering for utenlandske sjøfolk.

Arbeidet har vore drive i Tollbugata 10 sidan 2014. No var vi så heldig å få leige eit fint lokale i Torghallen (Nedre Strandgt. 5), som ligg berre om lag 200 m frå cruise-kaia.
Dermed ligg det veldig godt til rette for havnemisjon for mannskapet på cruise-skipa. Seaman´s Mission arbeidet til DISM har vakse for kvart år, og siste året var det om lag 16000 sjøfolk som besøkte dei 5 stasjonane langs norskekysten.
Det er sjøfolk frå alle verdens land som er mannskap på cruise-skipa, og vi opplever at misjonsmarka kjem til oss.

Sjøfolka som kjem
på besøk representerer mange forskjellige religionar, så det er fint å få vere med å peike på Jesus for dei. Mange tek imot nytestamenter, andakstbøker, biblar og traktatar. Det meste er på engelsk, men vi deler også ut kristen litteratur på spansk, fransk, russisk og tagalog. Vi opplever at det legg seg til rette for mange gode åndelege samtalar også.

Hovedgrunnen til at sjøfolka kjem til stasjonane våre er at dei får gratis internett, så dei får snakke heim til familie, kone og born, samtidig som dei kan sjå dei på telefonskjermen. Dei fleste av mannskapet går på lange kontraktar, og internett (maritimt) er altfor dyrt
om bord, så dei kan ikkje bruke det. Så dei er svært takknemlege for tilbodet vårt.

Det nye lokalet vil også bli brukt til vanleg møtevirksomheit for misjonen, og vi synest også det er fint å vere i eit butikksenter, der det kan vere lett å kome i kontakt med folk. Vi har også framleige til Ålesund Baptistkirke, som vil ha samlingar der kvar laurdag kveld. Dette hjelper oss til å få ned leigekostnadane. Kretsstyret i Møre og Romsdal er takknemlege for at det legg seg så godt til rette med å få ei fin utvikling av evangeliseringsarbeidet i Ålesund.
_________________________________________________________________________

Ålesund Seaman´s Mission
Camilla Alnes Mulelid inviterer til Seaman´s Mission. Foto: A. Sætre.
Cruiseskip-ansatte besøker Seaman´s Mission i Ålesund.
Møre og Romsdal krets driv Seaman´s Mission i Ålesund. Seaman´s Mission-lokalet ligg i Den indre Sjømannsmisjon sitt lokale i Tollbugata 10.
__________________________________________________________________________

Sørheim leirstad
Sørheim Leirstad ligg flott til ved fjorden på innersida av Averøya. Møre og Romsdal krets av Den indre Sjømannsmisjon driv barne- og ungdomsleirar på denne idylliske plassen.
For meir informasjon, ta kontakt med: Styrar Mari Seljehaug
E-post: mari.s@svorka.net
Telefon: 488 54 621

Frå sommarleiren 2015. Foto: Gudmund Eikrem.


Misjonssekretær:

André Sætre
Tlf.: 488 54 610
E-post: andre.saetre@dism.no

Postadresse kretskontor:

Dalsfjordvegen 125
6133 Lauvstad

Kretsens kontonummer:
6501.06.00515
VIPPS: # 131994

Adresse Sørheim leirstad:
Sørheimsveien 77
6530 Averøy

Ansatte Sørheim leirsted:
Styrer Mari Seljehaug
E-post: mari.s@svorka.net
Telefon: 488 54 621

Møtelokale i Ålesund, Tollbugt. 10: Vi leier ut til mindre møter og samlinger. Enkelt å komme inn. På gateplan midt i byen.

Kretsstyret 2018/19
Leiar:

Karsten Gjerde, Tomrefjord
Tlf 901 83 542
Styremedlemmer:
Anne Lise Aas, Elnesvågen
Gunnar Martinsen, Skodje
Ole Johan Schølberg, Vågstranda
Astrid Grøvan Vikhagen, Molde
Hans Isak Leithe Røsvik, Vigra
Leif Arne Ytterland, Valderøy
Vara:
Anton Emblem, Lauvstad
Herman Blindheim, Vigra

Kontakt oss

DEN INDRE SJØMANNSMISJON

Postadresse:
Postboks 1904 - Damsgård
5830 Bergen

Besøksadresse:
Kringsjåveien 28
5163 Laksevåg, Bergen
Åpningstid: kl. 08.00-14.00

Telefon: 55 34 93 10 / 488 54 605

E-post: dism@dism.no
Kontonr: 3000 18 73454
VIPPS: 106376
Org.nr: 938 736 170 MVA