Seaman`s Mission-Club

Av André Sætre

DISM ynskjer å starte Seaman`s Mission-Club rundt om i landet.
Er du ein person som gjerne vil vere med i arbeidet for å vinne sjeler for himlen? Då kan dette vere aktuelt for deg.


Seaman`s Mission-Club høver for både unge og eldre, og vi tenkjer at det fyrst og fremst blir ein klubb der ein kjem saman for å be for arbeidet, og gjerne også arbeide for å støtte dette økonomisk.
Gjennom arbeidet i Norway Seaman`s Mission er det snakk om å nå tilsette på utanlandske cruise-skip frå mange nasjonar.

Misjon- og velferdsrbeidet
krev ein god del økonmiske utlegg for DISM, og utan at nokon vil støtte arbeidet vil ein ikkje kunne drive dette tilbodet.

Ein Seaman`s Mission-Club kan bestå av grupper med to eller fleire medlemer.
Ved å registrere seg hjå DISM vil ein få gratis medlemskap, samt gratis abonnement på misjonsbladet Trygg Havn i eitt år.
Dersom ein etablerer ein Seaman`s Mission-Club på ein stad der ein har slik virksomheit, kan det også vere aktuelt at medlemer vil hjelpe til i det praktiske arbeidet.
Ein Seaman`s Mission-Club kan arbeide kreativt med tanke på korleis ein kan få inn midlar, og kan også få idèar og hjelp frå vårt kontor. Men utan forbøn vil ikkje arbeidet lukkast. Derfor er forbøna det viktigaste.

DISM har mange foreiningar som arbeider generelt for DISM sitt misjonsarbeid.
Ein del foreiningar arbeider spesielt til «Elieser 6» sitt virke.

No treng vi i tillegg ei anna type gruppe som gjerne vil støtte Seaman`s Mission-satsinga til DISM.
Ta kontakt med vårt kontor, eller fyll ut skjemaet under, dersom du ynskjer å starte ein Seaman`s Mission-Club.
Gud velsigne deg!

Jesaia 55,11: «slik skal ordet mitt vera,det som går ut frå munnen min.Det skal ikkje venda tomt attende til meg,men det skal gjera det eg vil, og ha framgang med alt som eg sender det til».



*
*
Kontakt oss

DEN INDRE SJØMANNSMISJON

Postadresse:
Postboks 1904 - Damsgård
5830 Bergen

Besøksadresse:
Kringsjåveien 28
Laksevåg, Bergen
Åpningstid: kl. 08.00-14.00

Telefon: 55 34 93 10 / 488 54 605

E-post: dism@dism.no
Kontonr: 3000 18 73 454
Org.nr: 938 736 170 MVA