Arkiv

Sette pris på tilbodet
Tekst: André Sætre. Publisert 4. september 2017.
Sesongen for cruise-skipa i Ålesund tok til i byrjinga av mai. Sidan har det vore jamt med båtar som har besøkt byen.
Den indre Sjømannsmisjon starta opp velferdsarbeid for mannskapet på cruise-skipa i Ålesund i 2014, og dei frivillige har allereie ein god del erfaring med dette arbeidet.

Koordinator

Camilla Alnes Mulelid. Foto: André Sætre




















I år var det Camilla Alnes Mulelid som var koordinator for Seaman´s Mission-arbeidet i Ålesund hamn. Ho var tilsett i ½ stilling i tre månader frå midten av mai. Ansvarsområdet var å få tak i frivillige og for drifta ved avdelinga. Camilla har vore flink og ivrig i arbeidet, og ho fortel at ho har likt seg veldig godt saman med dei utanlandske sjøfolka. Saman med seg har ho hatt nokre frivillige medhjelparar. Ikkje mange, så ein skulle gjerne hatt fleire. Dei som har vore aller mest med er Robert Uggedal, Jostein Alnes og Arnhild Gjerde.

40 nasjonar
Arbeidet blir drive utifrå Tollbugt. 10, der misjonen leiger lokale med Ålesund Maskinistforening. Fram til byrjinga av august, var det litt over 700 besøkjande. Noko færre enn i fjor, som kan ha samanheng med at ein del av båtane hadde kort liggetid i byen i år. Det har vore sjøfolk innom frå om lag 40 nasjonar. Mange frå land som ligg langt borte frå Noreg, som New Sealand, Indonesia, Myanmar, Peru, Mongolia, Argentina, Mocambique, for å nemne nokre. Elles er det ein større prosent som kjem frå Filippinene.

Lange kontraktar
Camilla fortel at sjøfolka sette stor pris på tilbodet frå DISM med Gratis internett, der dei tilsette på cruiseskipa kan snakke heim til sine kjære på Skype, face-time etc.. Det betyr mykje for ein sjømann å få sjå kona si, og snakke med henne, samstundes som han også kan kommunisere med borna sine. Sjøfolka har ofte kontraktar på 8 -10 månadar om bord.
Omsorg og evangelisering
Kaffi, te, nysteikte vaflar og litt kjeks vart også tilbode dei besøkande. I tillegg til den gode samtalen med våre folk. Biblar, nytestamente eller andaktsbok var gratis-materiell som sjøfolka kunne ta med seg. Sjøfolka representerer mange slag religionar, så enkelte reserverte seg for den kristne bodskapen. Uansett fekk dei oppleve nokon som viste eller gav dei omsorg.
Evangeliseringsarbeidet er ein viktig del av dette arbeidet, og målet er sjølvsagt å få peike på Jesus. Vi ser at vi har fått delt ut mykje kristen litteratur til folk som ikkje er kristne, men det er også ein del evangeliske kristne som er glade for å få seg ein ny bibel eller ei andaktsbok. Det er mest materiell på engelsk, men vi har ein god del på spansk også. Elles har vi litt bøker og hefter på tagalog (filippinsk), fransk og russisk.

Fjerde sesongen
Foto: Robert Uggedal































Enkelte gongar kjem det små grupper av kristne, og då kan det gjerne bli song og musikk, og ei ekstra god atmosfære i lokala. Det er no fjerde sesongen dette velferds- og evangeliseringsarbeidet har blitt drive i Ålesund.
Vi ber om at Herren vil velsigne arbeidet på alle stasjonane DISM har langs kysten, slik at det kan bere frukt for himlen.

__________________________________________________________________________
______________________________________________
Kretsårsmøte i Møre og Romsdal krets

Tekst og foto: André Sætre. Publisert 5. mai 2017.

Oddbjørn Pedersen















Laurdag 29. april vart det halde kretsårsmøte på Vestheim ungdomssenter, Vestnes.

Det var ein fin dag med blå himmel og sol. Noko som gav ei fin rame rundt årsmøtet.

Helging
Misjonssekretæren hadde bibeltime over emnet: Helging (Helliggjørelse). Vår helging har si kjelde i vår rettferd i Kristus. Det er grunnlaget for det nye livet som kjem fram i den som trur.

Styret
Det var færre frammøtte enn vanleg til forhandlingsmøtet, men både årsmeldingar og rekneskap vart godkjende.
Desse vart valde inn i styret:
Anne Lise Aas, Elnesvågen (attval), Ole Johan Schølberg (attval), Vågstranda og Leif Arne Ytterland, Valderøy. Karsten Gjerde, Tomrefjord, vart attvald som kretsformann.
Frå før i styret: Astrid Grøvan Vikhagen, Molde og Gunnar Martinsen, Skodje.
Vararepresentantar: Anton Emblem, Herman Blindheim og Odd Ivar Nedrelid.
Så vart det vist film frå Røst fiskarheim. Vidare vart det servert nydeleg svinesteik og is til dessert.

Ei hovudsak
På forhandlingsmøtet var det fleire saker som vart teke fram. Ei hovudsak var misjonssekretærstillinga. Misjonssekretæren informerte om at det framlagde budsjettet for 2017 syner at det ikkje lenger er økonomisk dekning for ei heil stilling i kretsen. Misjonssekretæren har kome med forslag om å redusere misjonssekretærstillinga til 50 eller 60% frå 1. august, for å framleis kunne drive med overskot. Hovudårsaka til nedgangen i økonomien, er at folk blir gamle, og foreiningar blir lagt ned. Det er kun få plassar der ein har basar, og dermed går misjonsinntektene ned. Sidan flokkane på bedehusa også har minka, harr også kollektinntektene ein tendens til å gå ned.
Årsmøtet samtalte om dette, og konklusjonen vart at ein må prøve å få fleire til å bli faste gjevarar til arbeidet i kretsen. Det vart også understreka at gåver inntil kr 30 000 til misjonen gjev skattefritak.
Årsmøtet vedtok eit forslag som blir sendt til hovudkontoret, at ein inn til vidare må få behalde misjonssekretæren i full stilling i kretsen. Landsstyret må gje ein uttale i saka.

Fleire saker
Vidare vart det uttrykt ynskje om å få ha Elieser litt meir i kretsen.
Drifta ved Sørheim leirsted vart også diskutert, og årsmøtet meinte at Sørheim-styret burde prøve å få til eit endå større lokalt engasjement for leirstaden. Kontakta og samarbeidet mellom kretsstyret og Sørheim-styret bør styrkast.
Vidare kom det oppmoding om å få fleire til å gi gevinstar til julemessa.
Det kom også ei sterk oppmoding om å støtte godt opp om Seaman´s Mission arbeidet i Ålesund, både med frivillig- og med økonomisk hjelp.

Festsamvær
Det vart eit godt festsamvær for dei om lag 50 frammøtte. Kretsformann Karsten Gjerde hadde ei fin helsing med utgangspunkt i Joh. 3,16. Sunnmørsguttene var som vanleg med oss, med frisk evangelisk song.
Oddbjørn Pedersen heldt ein framifrå festtale med morosame glimt, men også med eit
åndeleg alvor. Han fortalde nokre historier om fiskeriet i gamle dagar utanfor Bjørnsund, om Gunnar "Grisen" som hadde namnet fordi han kom frå ein holme som heitte Grisen. Fordi han sette garna sine mellom garna til Sunnmøringane, fekk han alltid mykje fisk.
Pedersen fortalde også positive historier frå Elieser i farne tider. Han understreka at DISM var ei vekkingsrørsle. Skipper Brubakk på Elieser trudde ikkje «Elieser 5» kunne bore alle på ein gong, som var blitt omvende og frelste der om bord. På ein av turane med Elieser kunne dei ikkje legge til land som planlagt. Dei måtte gå ei stund ute på fjorden fordi det var vekking om bord. Den dagen vart 20 menneske frelst. Oddbjørn tok også utgangspunkt i Peters fiskefangst, og understreka at det var på Herrens Ord han kasta garna.
Måtte vi også legge ut på djupet på Herren Ord, og forkynne evangeliet. Drivkrafta til å gå ut er kjærleiken som Gud har vist oss i Kristus. Vi er sendebod i staden for Kristus.
Vi ser oftast berre overflata i arbeidet, men der er ein understraum også. Det er den salvelse og kraft vi får frå Herren. Måtte vi be om dette i endå større grad. Sjå eg står for døra og bankar, seier Jesus. Han leitar etter den eine fortapte, understreka Oddbjørn.

Fekk merke Guds ande
Eit godt misjonsoffer kom inn denne kvelden.
Det var eit rikt kretsårsmøte, der vi fekk merke at Guds ande var til stades. Måtte Herren framleis rikt velsigne misjonsarbeidet i Møre og Romsdal krets.

__________________________________________________________________________
Elieser i Fosnavåg
Tekst: Ole Brubakk. Foto: Tone Kallevåg. Publisert 6. februar 2017.
Gjennom fleire år har Elieser vore fast gjest i Fosnavåg. Anten i hamna i sjølve Fosnavågen, eller på Mjølstadneset. Båten kom i år og.

Til velsigning
For vel fem år sidan vart båten liggande ved Mjølstadneset i fleire veker. Grunnen var havari av gearet. Men dette som eigentleg ikkje skulle hende, det vart likevel til velsigning for mange. Det vart møte - veke etter veke. Mange vart fornya i trua si.

Elieser låg i år i Fosnavåg frå 21. til 29. januar. Og det vart fleire gode samlingar om bord. Godt med folk var det alle kveldane. Siste laurdagen var møtesalen full. Folk kom frå alle bygdene i Herøy, men og frå nabokommunane.

Lokale talar- og songkrefter
Første helga var det Knut Oldeide som talte. Dei andre møtedagane var det fleire lokale talarar. Sølvi Teige Sandanger, Harry Andersen og Ole Brubakk.
Sølvi Teige Sandanger fekk bere fram ein klar bodskap om alvoret i den tida vil lever i og den åndssituasjonen vi har. Vak! Dette tala sterkt til oss. Harry Andersen tala om det Bibelen forkynner om legedom. Ole Brubakk tala om å få opne auge så vi kan sjå den sanne Jesus, og det han har å gje oss. Han som døde for oss på krossen.




Også lokale songarar var med: «God bodskap» og «Elieservenene».
Elles var det gode songarar blant mannskapet. Arne Hansen og Tone Kallevåg vitna til oss gjennom songen sin. Det same gjorde Hans Isak Røsvik.
Det er songar med ein klar bodskap om Jesus som møter oss om bord i Elieser.

Fiskarane
Det vi skulle ynskje meir, var at fiskarane som låg i hamna hadde funne vegen om bord. Båten var der som fiskarheim. Men så er det og slik at der båten er, der kjem og utfordringa til dei som er i hamna. Dei er velkomne om bord.
No har Elieser sigla vidare. Og det med bøn om velsigning over den vidare ferda.
Velkomen til Fosnavåg igjen!

Sjå meir frå Fosnavåg i Trygg Havn 3/2017 (mars).

__________________________________________________________________
Magisk juleleir på Sørheim Leirsted
Sørheim Leirsted ligger flott til ved fjorden på innersida av Averøya.
 16.-18.desember 2016 var det juleleir på Sørheim Leirsted med cirka 40 påmeldte, inkludert deltakere og ledere. Det ble altså fullt hus! Helga var svært innholdsrik med masse forskjellige aktiviteter som var med på å kunne gi økt julestemning. Vi hadde blant annet gåtur, bålkos med høytlesning, juleverksted, aktiviteter ute, julevandring, leirfest og bibeltimer. I bibeltimene omhandlet temaet hvorfor vi feirer jul. I tillegg snakket vi om hvilken betydning julens under gjennom Jesubarnet kan ha for våre liv.

Utrolig kjekt
De som var på leiren så ut til å ha det utrolig kjekt hvor atmosfæren var på topp omtrent hele tiden. Det var en fryd å samarbeide med de andre lederne og hjelpelederne som var med. Det var ganske mange ledere og hjelpeledere som var påmeldt, noe vi var spent på hvordan ville fungere. I tillegg var deltakerne barn som går i 2.-7.klasse, noe som er et stort spenn. Men selv så jeg ikke dette som et problem, men noe som istedenfor var en berikelse. Deltakerne og lederne hadde det utmerket sammen så det ut som.


Livsviktig arbeid
Det er lett å merke at leirarbeid er et livsviktig arbeid hvor vi får forkynne det beste budskapet som finnes. De som kommer på leir trenger Guds kjærlighet i livet sitt og at Jesus kan være deres veiviser. Gjerne vær med å be om at flere må komme på leir og at de som kommer må vokse i troen sin.


Marte Sofie Leithaug

__________________________________________________________________________
En liten forening på Ekkilsøy
På Ekkilsøy, i Averøy kommune, er det en liten forening tilsluttet Den indre Sjømannsmisjon.

Ragna Aavik er leder, noe hun har vært i mange år.
Foreningen er liten, men det er fortsatt samlinger på Ekkilsøy for Den indre Sjømannsmisjon.

5. oktober 2016, hadde vi en samling i foreningen Det var ca 15 personer fra ulike sammenhenger som møtte opp. Folk som har vært engasjert siden vekkelsestiden på 1970-tallet.

Undertegnede hadde andakt ut fra Apostelgjerningene. Jesus setter seg lik med menigheten Saulus forfulgte. Gjennom Romerbrevet 12.4-5 og andre bibelvers viste jeg til kostbarheten av å være menighet. Når vi skjønner dette blir det synlig for oss hvilken oppgave vi har som menighet. Å tjene Jesus Kristus, å tjene vår neste, vår søster og bror, og dem som lider nød (materielt eller åndelig) er vår fornemste oppgave som kristne.

Ved pianoet satt Svein Erik Sørdal, Miriam Dorner hjalp med å vise frem Guds ord, som var skrevet på plakater. Dessuten hadde vi nattverdfellesskap og forbønn.
Deretter hadde vi kaffe og kveldsmat og var enige om å støtte hverandre i bønn og praktisk hjelp ved behov.

Reiner Dorner

__________________________________________________________________


SKJERGARDSSTEMNET
PÅ NERLANDSØY 2016

Tekst: André Sætre. Foto: Marit Kvalsvik. Publisert 4. oktober 2016.

Det tradisjonsrike skjærgardsstemnet på Nerlandsøy vart halde i tida 1.-4. september på Nerlandsøy Bedehus.

Sidan 1944
Stemnet har gått i 72 år på rad, og det har oftast vore første veka i september. Misjonsfolket i området er svært glade for at dei kan ha eit slikt stemne, med mange bibeltimar og forkynning over fleire dagar. Stemnet kom i gong etter ei vekking som gjekk over Nerlandsøya og området i 1944. Det var Rasmus Haugetun frå Bergen som vart ståande seks veker i vekking på Nerlandsøy det året. Han var ein ung mann på 22 år den gongen.

Talarar
I år var det Kjell Sønstabø og Oddbjørn Pedersen som var hovudtalarar. Elles var pensjonert prest, Ole Brubakk med og heldt bibeltime. Som vanleg var det misjonssekretæren som leia samlingane, og han hadde også bibeltime og forkynning.

Opningsmøtet
Vi var heldige å få med gode songkrefter, og på opningsmøtet var det Synnøve Voldsund som song til møtelyden.
Kjell Sønstabø talte over teksten i 1. Joh. 3,1: «Eg er eit Guds barn».

Fredag
Fredag song «God Bodskap» frå Moltu og Gjerdsvika. Det er eit tradisjonelt musikklag, som song gode evangeliske songar. Det var bra med folk på møtet, og Oddbjørn Pedersen brukte tekst frå Ef. 1, om utveljinga i Kristus, om kva Gud hadde tenkt for oss menneske. Vidare gjekk han inn på den åndskamp vi står i som truande frå Ef. 6.

Laurdag kveld
På laurdagskvelden då Sunnmørsguttene song, var det fullt hus, med over 150 frammøtte. Kjell Sønstabø talte over teksten i Jeremia 46,17 - om å ikkje la den rette tid gå forbi, når Gud kallar. Også teksten om kong Agrippa vart teke med i den alvorlege og vekkjande talen.

Guds rike velsigning
Stemnet vart avslutta på søndag med formiddagsmøte på Nerlandsøy og i Gjerdsvika. DISM fekk delta i gudstenesta i Herøy kyrkje, og fekk også offeret.
Misjonssekretæren og kretsstyret er glade og takknemlege for at folket på Nerlandsøya vil ofre så mykje tid og krefter på å stelle i stand til det årlege stemnet, også med mykje matlaging, og innkvartering av talarar. Me vonar på nytt stemne neste år, og ynskjer Guds rike velsigning over bygda.
Det er godt å merke seg at Guds Ord ikkje skal vende tomt tilbake.

Les meir frå stemnet i Trygg Havn nr. 11 (november)

_______________________________________________________________________________________________________



Sunnmørsguttene
Kretsårsmøte på
Vestheim Ungdomssenter, Vestnes


Tekst og foto: André Sætre. Publisert 27.4.16.


Lørdag 23. april var det kretsårsmøte for Møre og Romsdal krets på Vestheim Ungdomssenter, Vestnes.

Dagen var kald
, med snøkave og glatte vegar, særleg på Sunnmøre. På grunn av at mange nok allereie hadde lagt om til sommardekk, vart det nok færre folk enn vanleg som tok ut til stemnet. Men det kom likevel ein god del. Det byrja med kaffi og ein god prat, før bibeltimen kl 11.00.

Det var Knut Oldeide som heldt ein innhaldsrik bibeltime over emnet «Kva ventar etter døden?»
1. Det ventar Guds folk ei underfull kvile. Hebr 4,6.
2. Det ventar Guds folk eit underfullt gjensyn med sine kjære som har døydd i trua på Jesus.
3. Det ventar eit underfullt syn, når vi får sjå, og møte vår kjære naglemerka frelsar, Jesus Kristus.

Årsmøtet vart leia av kretsformann Karsten Gjerde.
Årsmelding og rekneskap for kretsen og Sørheim leirstad vart gått igjennom av André Sætre, og godkjent av årsmøtelyden.

Gjenval på kretsformann Karsten Gjerde. Vidare vart desse velde inn: Astrid Grøvan Vikhagen, Gunnar Martinsen og Hans Isak Leithe Røsvik.
Vara: Leif Arne Ytterland, Herman Blindheim og Anton Emblem.
Frå før i styret: Ole Johan Schølberg og Odd Ivar Nedrelid.
Så var det pause, med ein god middag. Det vart servert nydeleg svinesteik m/poteter og surkål. Etterpå var det kaffi og kaker.

På forhandlingsmøtet var det fleire som hadde ordet, og det vart peika på kor viktig det er å støtte Elieser. Det var ein del spørsmål som generalsekretæren svarte på. Generalsekretæren orienterte også om Elieser si verksemd i Nord-Norge i vinter.
Elles var det innlegg om kretsarbeidet, og også understreka kor viktig det er med barne- og ungdomsarbeidet på Sørheim leirstad. Det kom fram at vi bør gjerne tilsette barne- og ungdomsarbeidar i kretsen.

Det var ein triveleg misjonsfest, med nesten 50 frammøtte. Generalsekretæren tala, og tok utgangspunkt i Hebr. 10,14 - det fullkomne offeret ein gong for alle - Jesus Kristus.
«Sunnmørsguttene» framførte frisk, evangelisk song.
Nytrekt kaffi vart også servert på misjonsfesten, saman med nydelege kaker og riskrem.

Vi takkar vi alle frammøtte for deltaking og offervilje. DISM er heldige, og har mange misjonsvener rundt om i Møre og Romsdal som støttar Den indre Sjømannsmisjon, både i bøn og arbeid

Les meir frå årsmøtet i Trygg Havn 6/2016 (juni).



SKJERGARDSSTEMNE PÅ NERLANDSØYA
Tekst: Oddbjørn Pedersen. Foto: Ragnar Kåre Hansen. Publisert 2. september 2015.
I tida 27.-30. august samlast misjonsfolket frå Nerlandsøya og bygdene omkring til skjergardsstemne. Det 71. stemne; kvart år sidan siste krigsåret.
I forventning og glede samlast folket- dette ville dei vere med på. Sjølv har eg fått vore med på mange av desse stemna. Alltid like gjevande. Eg har lært å kjenne folket. Eg ser andleta- fiskarfolket. Vi tenkjer likt- difor er det lett å få kontakt mellom talarstol og tilhøyrar.

Samlingane var inspirerande og rike.. Bibeltimar og kveldsmøte.. Kveldsmøta og møtet søndag føremiddag samla over 50, laurdagskvelden over 120 menneske. Bibeltimane mellom 40 og 50 deltakarar. Talarar var Peder Almedal, Ole Brubakk, Egil Viddal, Ragnar Hansen og Oddbjørn Pedersen. Ordet lydde klårt om frelse og forsoning- eit vekkingsdrag over det heile. Det har vore tradisjon at vi samlast til nattverd, i år rikt og gjevande, der vi tok mot Jesus sin lekam og hans blod til fornying og kveik i kristenlivet.

Vi var rikeleg signa
med songkrefter. Song av Inger Larsen, Undomsgruppa Havlys, Peder Almedal og frue og Sunnmørsgutane. Dei song seg inn i hjarte og sinn. I særleg grad vart det sagt mykje positivt om songgruppa Havlys - tre ungdomar som har sunge seg saman med gode evangeliske songar.
Ungdomsgruppa Havlys












Skjergardsstemna
på Nerlandsøya er ei spesiel samling på mange måtar.Vi som var tilreisande kjenner oss velkomne. Leiargruppa på øya, har hand om det som skjer. Mange ting skal organiserast og fylgjast opp. Folk skal innlosjerast og mat skal ordnast. Det er stor grunn til å takke dei lokale kreftene som står bak år etter år.

Hjarteleg takk kjære misjonsvener for vel utført arbeid endå ein gong.




Kongens fortjenestemedalje i sølv

Karin Smenes får overrekt kongens fortjenestemedalje i sølv. Foto: Karsten Gjerde

Karin Smenes fikk overrakt kongens fortjenestemedalje i sølv på Averøy rådhus, tirsdag 30/6.
Hun fikk fortjenestemedlajen for sitt årelange arbeid med misjons - og foreningsarbeid.
Karin Smenes har hatt foreningsarbeid for DISM, og i tillegg barne- og ungdomsarbeid på Sørheim gjennom mange år. I tillegg har hun vært med i misjonsarbeidet til NML.



100 års jubileum
Tekst og Foto: André Sætre

Erna Sorte tar i mot blomehelsing frå misjonssekretær Ragnar Hansen.












Sorte og Valle Sjømannsforening feira 100 års jubileum på Valle bedehus søndag 26. april. Om lag 60 personar var møtt fram for å vere med.

Sorte og Valle Sjømannsforening vart registrert ved hovudkontoret i Bergen i 1915, men var starta opp mange år tidlegare.

Leiar i foreininga, Erna Sorte ynskte velkommen og helsa med Salme 118,24:
«Dette er dagen som Herren har gjort lat oss jubla og gleda oss no!»
Misjonsekretær Ragnar Hansen kom med ei helsing og takk til foreininga. Han overrekte i tillegg ei gratulasjons- og blomehelsing frå Skodje indre sjø foreining.
Generalsekretær André Sætre takka også foreiningsmedlemmene for trufast arbeid for misjonen og Guds rike. Han og misjonsekretær Ragnar Hansen gav blomar frå Møre og Romsdal krets, også med helsing frå hovudkontoret i Bergen.


Les meir i Trygg Havn 7/2015 (juli).


Skjergardsstemne med jubileum

Tekst og foto: André Sætre

Det tradisjonsrike skjergardsstemnet på Nerlandsøy vart halde i tida 27. til 31. august. Stemnet vart starta i 1944, for 70 år sidan.

Ei stor vekking
Dette året var det 70-års jubileum. Rasmus Haugetun kom til Nerlandsøy som ung forkynnar, 22 år gammal. Han var frå Bergen, og var tilsett i DISM.
13. februar 1944 gjekk han i land frå hurtigruta «Irma» i Ålesund. Eit par timar seinare vart hurtigruta torpedert, den sokk i løpet av sekundar og alle ombord omkom.
Rasmus reiste først til Ørsta og sto i vekking der. Så reiste han til Nerlandsøy der det braut ut ei stor vekking. Han vart ståande der i seks veker, og fekk god hjelp av pastoren i frikyrkja i Herøy. Skjærgårdsstemnet er eit resultat av denne vekkinga.

70 år etter
I år, 70 år etter, var Georg Kallevåg og Ragnar Hansen hovudtalarar på stemnet. Elles deltok André Sætre og Ole Brubakk med bibeltimar og tale.
Ragnar og Georg song saman både på møte og bibeltimar. Elieserkameratene song fredag og søndag og Skjærgårdssang deltok på møte fredag kveld og søndag formiddag.
I tillegg song Romsdalskameratene og Sunnmørsguttene på jubileumsfesten på laurdag.

Skikkeleg jubileumsfest
Det vart ein skikkeleg jubileumsfest med jubelsong som rakk langt utom veggane i det store bedehuset på Nerlandsøy. Det var mektig å høyre på songen frå dei mange i Sunnmørsguttene, og utruleg godt å lytte til også Romsdalskameratene. Ein fin mandolin sette prikken over i-en på deira framføring.
André Sætre intervjua Ingrid Kvalsund om korleis det har vore på stemna i dei 70 åra som har gått. Det var svært interessant å høyre kor arbeidsamt det var i «gamle» dagar med alt som skulle gjerast utan
dei moderne hjelpemiddel vi no har.
Ragnar Hansen hadde festtale med utgangspunkt i teksten om den blinde Bartimeus.

Kaffi-eimen
Det var berre utruleg kor mange bløtkaker og andre kaker desse flinke damene på Nerlandsøy diska opp med. Vi vart «overgitt» då vi såg kakebordet og dei mange fata med ferdige snittar med nydeleg pålegg av alle slag. Kaffi-eimen la seg som ei duftsky over dei om lag 200 personane som var på festen, og praten gjekk livlig rundt borda.

Søndag
Så fekk vi også i år delta med tale i Herøy kyrkje på søndag.
Gjerdsvika fekk besøk av Romsdalskameratene på søndag.

Stor takk

Den indre Sjømannsmisjon vil bære fram ei stor takk til alle på Nerlandsøy som atter ein gong har lagt ned eit stort arbeid for at Skjærgårdsstemnet skal verte halde!

Det kom inn om lag kr 37000,- i kollekt. I tillegg kom offeret i kyrkja.




ÅLESUND SEAMAN MISSION

Tekst og foto: Andrè Sætre, august 2014


1. juli gjekk startskotet for Møre og Romsdal krets sitt arbeid blant utanlandske sjøfolk; Seaman Mission. Eit tilbod til mannskapet på utanlandske cruise-skip. Samlingsstaden er Tollbugata 10 i Ålesund.
I Tollbugata har Den indre Sjømannsmisjon (DISM) eit lite lokale som blir brukt til kontor og møtesamlingar. Dei har samarbeid med Ålesund Maskinistforening. Når lokalet er fullt, er det mulig å slå opp ei dobbeldør inn til deira lokale og dermed få større plass. DISM får også bruke Maskinistforeininga sitt internett.

Stort behov
Mannskapet på cruise-skipa har stort behov for internett for å snakke heim til slekt og vener. Det mobile internettet om bord i båtane er for dyrt for mannskapet å bruke. Derfor er dei glade for tilbodet om gratis internett. I tillegg får dei kaffi, te, litt kaker og vaflar. Dei set stor pris på at nokon bryr seg om dei og tenkjer på deira velferd. Det blir «a home away from home».
Alt mannskap snakkar engelsk, så det er lett å kommunisere med dei.

Kristen litteratur
Seaman Mission har også ein del kristen litteratur å tilby: biblar, nytestamente, traktatar, cd og DVD. Materiellet er i hovudsak på tre språk: engelsk, spansk og tagalog. Mange har spansk og tagalog (filippinsk språk) som morsmål, og set pris på å få kristen litteratur på sitt eige språk. Ein god del av sjøfolka tek med seg kristen litteratur. Vi får også snakke med dei og vitne om Jesus. Sjølv om det er folk frå mange religionar, kjem det også evangelisk kristne innom lokalet.
Vi prøver å ha ope kvar dag cruise-skipa er inne i Ålesund.

Medhjelparar
Prosjektet er avhengig av frivillige medhjelparar.
Det er misjon dette også, og det er mest ikkje råd å drive noko utan at det medfører utgifter. Misjonsvenene har vist seg villige til å støtte prosjektet. Det er allereie kome inn ein del midlar.

Lita tid
Etter litt over fire vekers drift, har det vore besøk av om lag 400 sjøfolk frå meir enn 50 nasjonar.
Når medhjelparane i Seaman Misson er ved skipa og byr inn til Tollbugata, er det ein god del som seier at dei har lita tid. Desse går gjerne opp på kjøpesenteret eller på biblioteket, som også har gratis internett, og berre eit par minutt å gå. Til Tollbugata er det om lag 10 minuttars gange. Sjølv om det er litt «konkurranse» på området, er det likevel stort at mange blir nådd med evangeliet.

Vær med å be om at arbeidet blant utanlandske sjøfolk må lukkast i Jesu namn.
Kristent mannskap som kom til Tollbugata 10 frå eit av cruise-skipa. Dei stemte i med kristne songar. Ein Tysk passasjer frå cruise-skipet kom også inn, fekk låne trekkspel og spelte til. Det vart lovsong på fleire språk. André Davik Kvam (midt på bildet) er vår gode og trufaste medhjelpar i Ålesund Seaman Mission.


KRETSÅRSMØTET I MØRE OG ROMSDAL KRETS

Tekst og foto: André Sætre

Til oppmuntring for misjonsfolket


Kretsårsmøtet for Møre og Romsdal var på Vestnes bedehus laurdag 26. april. Ein fin vårdag med sol og mildvær.

Under bibeltimen fortalde Oddbjørn Pedersen først om årsmøta i tidlegare tider på Romsdalskysten. «Elieser 5» var fleire gonger med å frakta stemnefolket frå øyane til årsmøte inne i fjordane.

Den rette krossen
Vidare tala Oddbjørn Pedersen over teksten i Lukas 24,13 - 20; Emmausvandrarane. Læresveinane hadde ikkje forstått at Jesus skulle lide, døy og stå opp igjen. Då kvinnene fortalde at Han var oppstått, vart læresveinane urolege og oppskaka. Jesus gjekk så saman med dei og la ut skriftene. Då forsto dei betre kva som verkeleg hadde skjedd.
Det som hende med Jesus Kristus før han vart krossfesta, og om Barrabas som vart sett fri, er eit bilde på den som trur på Jesus. Han tok straffa, vi gjekk fri. Skuldbrevet hang på den rette krossen, på Jesu kross.

Ny foreining
Kretsformann Karsten Gjerde leia forhandlingsmøtet med stø hand, og årsmeldingar og rekneskap vart lese opp og godkjent . Av årsmeldinga går det fram at det er eit par foreiningar færre ved årsskiftet enn ved forrige år. Gleda er likevel stor over å ha fått ei ny foreining for Elieser; foreininga «Havlys» med tre unge gutar.

Utanlandske sjøfolk
Misjonssekretær André Sætre orienterte om at ein vil prøve å starte opp eit arbeid med evangelisering mot utanlandske sjøfolk i Ålesund. Eit arbeid retta mot mannskap på Cruisebåtar slik som i Bergen. Sekretæren las også opp ein rapport frå arbeidet i Bergen.

Kretsstyret
Etter valet har kretsstyret denne samansettinga:
Formann: Karsten Gjerde. Styremedlemmer: Gunnar Martinsen, Gunvald Kvalsvik, Astrid Grøvan Vikhagen, Ole Johan Schølberg, Anne Lise Aas og Odd Ivar Nedrelid. Vara: Anton Emblem og Arvid Wisth.

Reinsar og formar
Kretsformann Karsten Gjerde leia misjonsfesten. I opningshelsinga las han frå Guds Ord om pottemakaren som først samla opp leira ute, og gjer den rein for rusk og strå. Deretter formar han den på dreieskiva. Slik reinsar Gud sitt folk, og formar oss til brukelege kar til nytte for Gud og til hans ære.
Gjerde ønskte også alle velkomne til Landsmøtet som går av stabelen på Borgund Folkehøgskule i slutten av juni.

Den same
Ragnar Hansen heldt festtalen frå teksten om den blinde Bartimeus i Markus 10. Bartimeus ropte til Jesus av hjartet: - Du Davids son, miskunna deg over meg!
Jesus høyrde naudropet frå Bartimeus og stogga. - Kva vil du eg skal gjere for deg?

- Rabbuni, at eg må få att synet! - Di tru har frelst deg, sa Jesus, og Bartimeus fekk oppleve å få både syn og frelse på same tid. Ragnar understreka at Jesus Kristus er den same no som på Bartimeus si tid. Jesus gjer under i dag, og vi skal få kome til Han med all vår naud.

Oppmuntring
"Havlys", med forsterkningar, og "Sunnmørsguttene" (bildet) song fine evangeliske songar på festen.
Festen var ei gledesstund med Jesus i sentrum, folket vart på nytt oppglødde for misjonen.

Kretsårsmøtet i Møre og Romsdal vart til oppmuntring for misjonsfolket.

Les meir frå kretsårsmøtet i Trygg Havn 6/2014 (juni).


Kontakt oss

DEN INDRE SJØMANNSMISJON

Postadresse:
Postboks 1904 - Damsgård
5830 Bergen

Besøksadresse:
Kringsjåveien 28
Laksevåg, Bergen
Åpningstid: kl. 08.00-14.00

Telefon: 55 34 93 10 / 488 54 605

E-post: dism@dism.no
Kontonr: 3000 18 73 454
Org.nr: 938 736 170 MVA