Møre og Romsdal

Møre og Romsdal krets var tidlegare tre kretsar: Nordmøre og Romsdal krets, stifta 25.11.1899, så vart Romsdal krets utskilt frå denne 1.06.1925. Sunnmøre krets vart stifta 29.10.1906. Seinare vart Nordmøre og Romsdal samanslegne att, og i 2007 fekk kretsen namnet Møre og Romsdal krets.
Kretsen har 29 foreiningar og to tilsette.

Sørheim leirstad, Averøy, vart bygt i 1969. Misjonen driv barne- og ungdomsleirar på denne idylliske staden ved fjorden.

Sørheim blir også utleigd til møte og selskap.


Skjergardsstemnet
på Nerlandsøy Bedehus

31. august -3. september 2017
Torsdag 31. august
19.30 Opningsmøte v/ Terje Treidene
Song av Elieserkameratene

Fredag 1. september
10.30 Bibeltime v/ Ole Brubakk
12.00 Bibeltime v/ André Sætre
19.30 Møte v/ Terje Treidene
Song av «God Bodskap»

Laurdag 2. september
10.30 Bibeltime v/ Ole Brubakk
12.00 Bibeltime v/ André Sætre
17.00 Nattverdmøte v/ Ole Brubakk
19.00 Misjonsmøte v/ Terje Treidene
Song av Sunnmørsguttene, kaffi og mat

Søndag 3. september
11.00 Gudsteneste i Herøy kyrkje
André Sætre og sokneprest Bjørn Leinebø
Offer til DISM
11.00 Møte i Nerlandsøy Bedehus v/ Ole Brubakk
Song av Elieserkameratane
11.00 Møte i Gjerdsvika v/ Terje Treidene
Songkrefter
13.00 Middag med avslutting av Skjergardsstemnet

Middag kl. 13.00 også fredag, laurdag og søndag
Velkomen til samlingar om Guds ord!
______________________________________________
Kretsårsmøte i Møre og Romsdal krets

Tekst og foto: André Sætre. Publisert 5. mai 2017.

Oddbjørn Pedersen

Laurdag 29. april vart det halde kretsårsmøte på Vestheim ungdomssenter, Vestnes.
Det var ein fin dag med blå himmel og sol. Noko som gav ei fin rame rundt årsmøtet.

Helging
Misjonssekretæren hadde bibeltime over emnet: Helging (Helliggjørelse). Vår helging har si kjelde i vår rettferd i Kristus. Det er grunnlaget for det nye livet som kjem fram i den som trur.

Styret
Det var færre frammøtte enn vanleg til forhandlingsmøtet, men både årsmeldingar og rekneskap vart godkjende.
Desse vart valde inn i styret:
Anne Lise Aas, Elnesvågen (attval), Ole Johan Schølberg (attval), Vågstranda og Leif Arne Ytterland, Valderøy. Karsten Gjerde, Tomrefjord, vart attvald som kretsformann.
Frå før i styret: Astrid Grøvan Vikhagen, Molde og Gunnar Martinsen, Skodje.
Vararepresentantar: Anton Emblem, Herman Blindheim og Odd Ivar Nedrelid.
Så vart det vist film frå Røst fiskarheim. Vidare vart det servert nydeleg svinesteik og is til dessert.

Ei hovudsak
På forhandlingsmøtet var det fleire saker som vart teke fram. Ei hovudsak var misjonssekretærstillinga. Misjonssekretæren informerte om at det framlagde budsjettet for 2017 syner at det ikkje lenger er økonomisk dekning for ei heil stilling i kretsen. Misjonssekretæren har kome med forslag om å redusere misjonssekretærstillinga til 50 eller 60% frå 1. august, for å framleis kunne drive med overskot. Hovudårsaka til nedgangen i økonomien, er at folk blir gamle, og foreiningar blir lagt ned. Det er kun få plassar der ein har basar, og dermed går misjonsinntektene ned. Sidan flokkane på bedehusa også har minka, harr også kollektinntektene ein tendens til å gå ned.
Årsmøtet samtalte om dette, og konklusjonen vart at ein må prøve å få fleire til å bli faste gjevarar til arbeidet i kretsen. Det vart også understreka at gåver inntil kr 30 000 til misjonen gjev skattefritak.
Årsmøtet vedtok eit forslag som blir sendt til hovudkontoret, at ein inn til vidare må få behalde misjonssekretæren i full stilling i kretsen. Landsstyret må gje ein uttale i saka.

Fleire saker
Vidare vart det uttrykt ynskje om å få ha Elieser litt meir i kretsen.
Drifta ved Sørheim leirsted vart også diskutert, og årsmøtet meinte at Sørheim-styret burde prøve å få til eit endå større lokalt engasjement for leirstaden. Kontakta og samarbeidet mellom kretsstyret og Sørheim-styret bør styrkast.
Vidare kom det oppmoding om å få fleire til å gi gevinstar til julemessa.
Det kom også ei sterk oppmoding om å støtte godt opp om Seaman´s Mission arbeidet i Ålesund, både med frivillig- og med økonomisk hjelp.

Festsamvær
Det vart eit godt festsamvær for dei om lag 50 frammøtte. Kretsformann Karsten Gjerde hadde ei fin helsing med utgangspunkt i Joh. 3,16. Sunnmørsguttene var som vanleg med oss, med frisk evangelisk song.
Oddbjørn Pedersen heldt ein framifrå festtale med morosame glimt, men også med eit
åndeleg alvor. Han fortalde nokre historier om fiskeriet i gamle dagar utanfor Bjørnsund, om Gunnar "Grisen" som hadde namnet fordi han kom frå ein holme som heitte Grisen. Fordi han sette garna sine mellom garna til Sunnmøringane, fekk han alltid mykje fisk.
Pedersen fortalde også positive historier frå Elieser i farne tider. Han understreka at DISM var ei vekkingsrørsle. Skipper Brubakk på Elieser trudde ikkje «Elieser 5» kunne bore alle på ein gong, som var blitt omvende og frelste der om bord. På ein av turane med Elieser kunne dei ikkje legge til land som planlagt. Dei måtte gå ei stund ute på fjorden fordi det var vekking om bord. Den dagen vart 20 menneske frelst. Oddbjørn tok også utgangspunkt i Peters fiskefangst, og understreka at det var på Herrens Ord han kasta garna.
Måtte vi også legge ut på djupet på Herren Ord, og forkynne evangeliet. Drivkrafta til å gå ut er kjærleiken som Gud har vist oss i Kristus. Vi er sendebod i staden for Kristus.
Vi ser oftast berre overflata i arbeidet, men der er ein understraum også. Det er den salvelse og kraft vi får frå Herren. Måtte vi be om dette i endå større grad. Sjå eg står for døra og bankar, seier Jesus. Han leitar etter den eine fortapte, understreka Oddbjørn.

Fekk merke Guds ande
Eit godt misjonsoffer kom inn denne kvelden.
Det var eit rikt kretsårsmøte, der vi fekk merke at Guds ande var til stades. Måtte Herren framleis rikt velsigne misjonsarbeidet i Møre og Romsdal krets.

__________________________________________________________________________
Misjonssekretær
Andre Sætre er på plass som misjonssekretær i Møre og Romsdal krets.
André har i to år vore generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon.


______________________________________________
Sørheim Leirstad ligg flott til ved fjorden på innersida av Averøya. Misjonen driv barne- og ungdomsleirar på denne idylliske plassen. For meir informasjon, ta kontakt med:
Styrar Mari Seljehaug
E-post: mari.s@svorka.net
Telefon: 488 54 621
Frå sommarleiren 2015. Foto: Gudmund Eikrem.


Misjonssekretær:
André Sætre
Tlf.: 488 54 610
E-post: andre.saetre@dism.no

Postadresse kretskontor:

Dalsfjordvegen 125
6133 Lauvstad

Kretsens kontonummer:
6501.06.00515

Adresse Sørheim leirstad:

Sørheimsveien 77
6530 Averøy

Ansatte Sørheim leirsted:
Styrer Mari Seljehaug
E-post: mari.s@svorka.net
Telefon: 488 54 621

Møtelokale i Ålesund, Tollbugt. 10: Vi leier ut til mindre møter og samlinger. Enkelt å komme inn. På gateplan midt i byen.

Kretsstyret 2017/18
Formann:

Karsten Gjerde
Styremedlemmer:
Anne Lise Aas
Ole Johan Schølberg
Leif Arne Ytterland
Astrid Grøvan Vikhagen
Gunnar Martinsen
Vara:
Anton Emblem
Herman Blindheim
Odd Ivar Nedrelid
Kontakt oss

DEN INDRE SJØMANNSMISJON

Postadresse:
Postboks 1904 - Damsgård
5830 Bergen

Besøksadresse:
Kringsjåveien 28
Laksevåg, Bergen
Åpningstid: kl. 08.00-14.00

Telefon: 55 34 93 10 / 488 54 605

E-post: dism@dism.no
Kontonr: 3000 18 73 454
Org.nr: 938 736 170 MVA