Fiskarheimen Havly Røst

Foto: Jon Kristian Lomundal og Ingrid Helland

Fiskarheimen Havly, Røst
Adresse: Tyvsøyveien 3, 8064 Røst
Bestyrer: Harjeet K. Jassal
Telefon: +47 488 54 620 / +47 76 09 69 00
E-post: post@havly.no / havly.roest@nm-hotels.no
Kontonummer Havly Røst: 0536.50.76369 - merk med Havly Røst



Følg Havly Røst på facebook
______________________________________________________________________________________________________

Solfrid Nikolaisen stiller på Fiskarheimen også i 2018
Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 5. februar 2018.
Solfrid var på Røst første gongen vintersesongen 1999. Då hadde ho i fleire sesongar vore på fiskarheimen på Skrova i Lofoten.
19 år er gått, og framleis reiser Solfrid av garde i starten av februar og gjer endereis i månadsskiftet mars/april. Etter ho vart pensjonist gjer ho arbeidet som frivillig, eller på dugnad om du vil.
- Det har lagt i meg frå eg var ung. Mor mi dreiv foreining for Den indre Sjømannsmisjon, og kvar gong det var dårleg ver, gjekk ho rundt og sa «stakkars fiskarane». Eg skjøna det ikkje den gongen, men gjennom engasjementet i heimen eg vaks opp i, fekk eg lagt nauda for fiskarane inn over meg.

Fullpakka
Solfrid gler seg til å reisa nordover. Kvart år. Men ho kvir seg til reisa, for sjøsterk er ho ikkje. - Når eg er komen på plass er reisa gløymd og alt er vel; eg er komen «heim».

Kvar gong Solfrid reiser nordover har ho bilen fullpakka med gevinstar til basar og handverk til sals. I år er bilen endå meir fullstappa då ho har skifta frå stasjonsvogn til ein liten Yaris.
Loddbøker ligg på fiskarheimen heile fiskerisesongen. Dei blir trekte på avsluttingsfesten i slutten av mars.

Frå Nordhordland
Dei siste åra har Solfrid Nikolaisen hatt ansvaret for å skaffa medhjelparar til sesongane. Rino, som er styrar på Havly Røst, og Solfrid klarar ikkje alt åleine. Det må forsterkingar til.
I år er det fire personar frå Nordhordland som skal vera med kvar sine periodar:

Må vera der

Årets sesong er litt meir spennande en elles. Grunna i fjorårets sesong då juksefiskarane måtte trekka lengre nordover i Lofoten for å fylla kvoten. Det var mykje fisk, men fisken beit ikkje. Solfrid Nikolaisen håper det ordnar seg i år.
- Garnfiskarane fekk mykje fisk, seier ho. - Uansett kor mange fiskarar som kjem, må vi vera der og ta imot. Eg ber om at eg kan få bety noko for nokon, både for fiskarane og for bygdefolket. At vi kan få vera til hjelp både åndeleg og timeleg. Etter kvart som eg blir eldre ber eg om helse og kraft til å klara dagane, for det er ikkje å legga skjul på at det er travelt. Eg veit, og merkar, at det er mange som ber.

Kven som vil
Er det mulig å ta turen til Røst og til fiskarheimen vinterstid?
- Å ja, oppfordrar Nikolaisen, kven som vil kan koma. Ekstra kjekt er det om dei som er glade i misjonen kjem. Ring til Havly og bestill plass. Det er ei stor oppleving å vera på Røst i fiskerisesongen. Kjenna på fiskelukta og sjå på fiske- og folkelivet.
På eit anna nivå
Å vera fiskar i dag, er annleis enn på den tida Solfrid Nikolaisen vaks opp. Båtar og fasilitetar er på eit heilt anna nivå. Men behovet for å ha ein alkoholfri møtestad og ein plass der evangeliet blir forkynt, er like viktig som før. Det er også godt å kunna kjøpa seg ein god middag og ein kopp kaffi eller få vaska kleda og få dusja. - For ikkje å gløyma riskremen, avsluttar Solfrid smilande.
Velkomen til Havly Røst - til fiskarar, bygdefolk og turistar!

______________________________________________________________________________________________________

Årets fiske 2016

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert april 2016.
Årets skreifiske har vært innbringende. I starten av april var det enda noen fiskere igjen på Røst.
Morten Ove Pedersen (bilde over) fra Hustadvika i Møre og Romsdal, har levert fangst og fått oppgjør. Han er på Lofotfisket med enmannssjarken «Malin». Pedersen forteller om klesvask, dusjing og middag på fiskarheimen. - Fiskarheimen er ellers et godt alternativ til puben, sier han.
Christel Eide, på andre sida av bordet, er alt-mulig-dame på fiskemottaket. Hun kjører truck og tar seg av kontorarbeid. - Det har vært en utrolig sesong med mye fisk og stabilt vær. Fiskarheimen er alfa og omega for fiskerne. Nye fiskere spør alltid etter fiskarheimen når de kommer til Røst, så den er viktig, konkluderer Christel Eide.
Rino (t. h. over) og hennes frivillige stab på fiskarheimen, Solfrid Nikolaisen (t. v.) og Bjørg Njøten (i midten) har stått på i ukevis for fiskerne og for fastboende. Paul Mattis Nørstebø (ikke på bildet) har gjort en god jobb som vaktmester, og sammen med Solfrid hatt ansvaret for møtene på heimen. Tidligere i sesongen har også ekteparet Bull vært til uvurderlig hjelp.

_______________________________________________________________________________________________________
Sesongen 2015 strekker seg lengre enn vanleg
Tekst og foto: Jan Arve Birkeland. Publisert 07.04.2015.
Her på Røst er det endå fullt av fiskarar som framleis har kvote igjen å fiske.
Mange er glade for at fiskarheimen har ope i påska, slik at dei kan få kome hit å ete og slappe av i lag med andre fiskarar.


Systera til Solfrid Nikolaisen, Berit Nilsen, er komen hit heilt frå Bergen for å hjelpe til. Utan henne hadde det vorte vanskelig å halde ope på fiskarheimen i påska.

Berit Nilsen (t.v.) og bestyrer Harjeet K. Jassal gjer ein flott jobb på fiskarheimen!

Avslutningsfesten var søndag for ei veke sidan, så då hadde ein jo tenkt at det var slutt på sesongen. Men grunna mykje dårlig ver gjennom heile sesongen, er det mange som har ein del att å fiske. Det er og kome refordeling av kvoten som betyr at alle får litt meir å fiske.

Så her på Røst strekker sesongen seg noko lenger enn vanleg.
Det står no fullt av fisk rundt Røst så alle som er utpå får godt med fisk.


Takk til dei som gjer ein flott jobb her på fiskarheimen!

Fiskar Jan Arve Birkeland



Postadresse:
Havly Røst
8064 Røst

Fiskarheimen på Røst ble bygget i 1919-20.

Andre etasje i fiskarheimen er oppgradert med nye rom av god standard. Her kan du nyte øyas flotteste utsikt! Fiskarheimen kan tilby kurs- og konferansefasiliteter og har også en familieleilighet for utleie.


Ansatte:
Bestyrer: Harjeet K. Jassal
Tlf.: 488 54 620
E-post: post@havly.no

Hjelp til Fiskarheimen Havly Røst

Frå april til ut på hausten vil misjonen ha bruk for frivillige til hjelp på fiskarheimen Havly Røst.
Arbeidet vil vere alt førefallande arbeid som vask, matlaging, servering, klargjering av hotellrom m.m.
I utgangspunktet ønskjer misjonen at kvar frivillig bind seg til arbeid i minst to veker.
Du vil få fritt opphald og reise, samt ein mindre sum til lommepengar.
Du kan få eit opphald i eit området av landet som du aldri vil gløyme - der sola ikkje går ned!

Interesserte kan venda seg til misjonen sitt hovedkontor tlf. 55 34 93 10, eller på e-post dism@dism.no

Nrk TV: Folk: To brødre, en sjark og et hav av skrei
Dokumentar fra Lofotfiske. Ble vist på NRK 16. februar 2014. Her er også et lite glimt fra Fiskarheimen på Røst.

Kontakt oss

DEN INDRE SJØMANNSMISJON

Postadresse:
Postboks 1904 - Damsgård
5830 Bergen

Besøksadresse:
Kringsjåveien 28
5163 Laksevåg, Bergen
Åpningstid: kl. 08.00-14.00

Telefon: 55 34 93 10 / 488 54 605

E-post: dism@dism.no
Kontonr: 3000 18 73454
VIPPS: 106376
Org.nr: 938 736 170 MVA